Medlemspresentasjon av Aasen Bil-Demontering AS | Nyheter | Brukte bildeler til din bil - Bruktdel.no

 
TIPS!
Husk at du alltid selv må sammenligne tekniske data på delen med din bil.
 

Medlemspresentasjon av Aasen Bil-Demontering AS

Bedrifta har lagt stein på stein i den nydelige ishavsbygda Brandal, på Sunnmøre.

 

Bilreoler med en slåande utsikt over fjord og fjell 

 

Aasen bil-Demontering AS vart stifta i 1994 av Jonny Aasen. Han har sidan oppstart bygga opp verksemda til det den er i dag. Jonny eig Aasen Bildemontering AS i lag med kona, Ann Kristin. Dei har no 14 ansatte og ei omsetning på 19,5 million i 2020. Jonny har dreve med bil i mange år. Han er utdanna innan faget, er karosserimann og har fagbrev i det. 

Aasen Bildemontering AS er lokalisert i vakre Brandal i Hareid kommune, rett sør for Ålesund. Verksemda kjøper biler fra forsikringsselskap heilt fra Surnadal, Kristiansund og Aure og sørover til Sognefjorden i sør. Det ligg i dag 80 000 bildeler på lager og det står ein del forsikringsbiler ute. Desse står klar til å forsyne lageret med ytterlegare deler.

 

80 000 bildeler på lager – Smådeler på bildet til høyre.

 

I 2003 starta Kåre Hasund, Jonny sin kamerat, å arbeide her. Først skulle han hjelpe litt, men vart etterkvart verande og er ein stor ressurs for verksemda. I dag er han salgssjef. Med hans og våre ansatte si hjelp, sender vi mellom 40 til 90 kolli pr dag til våre kunder. Vi har rask levering til heile landet, til private kunder og forskjellige verkstadar. 

Mange verkstad handler fast hjå oss og det set vi stor pris på. Vi strekker oss langt for å gjere dei nøgde med oss. So bildelar står ikke lenge på bilane, men vert raskt demontert og sendt til dei. Det gleder oss stort at verksteda bruker meir og meir brukte deler. Vi samarbeidar difor godt med dei lokale verkstadane.

Forsikringsselskap og takstfolka der gjer ein god jobb, der dei klargjer bilar som vi kan kjøpe og demontere nye, flotte originale delar i frå. Dei bidra stort til samarbeidet vi har med verksteda.

Investering i fremtida

Kona og sonen til Jonny, kom med på laget i 2014. Då vart Ann Kristin ansatt i verksemda, med ansvar for økonomi, HMS og ho selger litt bildeler óg. Ann Kristin er utdanna innen oppdrett fra høgskulen i Ålesund og har jobba med oppdrett i 20 år.

Sonen, Johannes, var matros, men gjekk i land i 2017 for å jobbe som selgar i bedrifta. Her har han vakse opp og har hatt sitt eige verktøyet sidan han var ein liten gut. Han tok sertifikat på stor bil for å hente biler. Johannes studerer no økonomi og vil engasjere seg i utviklinga av bedrifta. So no vert det meir og meir ein familiebedrift.

 

Familien Aasen; frå høgre Jonny, Ann Kristin, Kristian, Johannes og Anna

 

Maskinparken

I eit stort området, men fjorder og fjell, må biler kunne hentes effektivt. Til det må ein ha skikkelig utstyr. Vi har difor to planbiler med henger som kan hente tre biler pr tur. Ein Man og ein Scania. Scaniaen vart bygd av VANG i Valdres i 2016.

 

Henting av bilar

 

Vi legg som sagt stein på stein og investerer i prosjekt kvart år. Vi liker JCB maskiner og har to gravmaskiner og tre 4WD trucker i det merket. Vi har eiga bilpresse og godt samarbeid med Bilgjenvinning som henter stålet hjå oss.

 

 

 

I starten leigde vi bygget verksemda holder til i, av Karlsen familien. Dei hadde tidlegare sildolje og mjøllager her. I 2012 kjøpte vi eigedomen. Gamlebuda vart flytta fra området og rommer i dag eit stort ishavsmuseum ved sida av oss. 

Vi har akkurat no fått skjøte på ein ny eiendom her i Brandal. Eit område på nesten 8 mål. Slik har vi sikra at vi har meir plass til å utvide verksemda vår framover.

Lokalt engasjement 

Vi tek alltid imot ungdommer som har interesse av å vere her på utplassering frå skulen. I tillegg er det seks ungdommer som jobber her i skuleferiane. So no om sommaren er det mange ungdommer som lærer mykje. Ikkje bare lærer dei å demontere deler, men også om logistikk/lagerstyring.

Vi har eit godt samarbeid med brannleiar i Ulstein og Hareid Brannvesen. Dei har tilsyn her kvart år. Dei hjelper våre arbeidara å øve med enkel slukking av mindre branntilløp og dei har tegningar over området vårt i bilane sine. Dette tryggar både verksemda vår og våre ansatte. Til gjengjeld forsyner vi dei med biler som dei kan øve seg på med klipping osv. Denne erfaringen nyttar dei godt om det skulle skje ein bilulykke i distriktet vårt. 

I 2019 vart anlegget sertifisert gjennom BD sertifiseringen i NBF. Konsesjonen vår er mottak av inntil 1500 bilar pr år. Dette er ikkje so stort antall, men ein stor del av dette er forsikringsbiler. Det vert mykje bildeler av det.

So vårt hovedfokus er salg av kvalitetsdeler til fornuftige priser til private bileigarar og verksted i Norge og Europa. 

For meir informasjon sjå:

www.aasenbil.no


Publisert 10.07.2021   |   Nyhetsarkiv

  • Det finnes ingen deler i listen